Terrengdekkande myr eller teppemyr er eit myrområde som dannar eit samanhengande dekke i terrenget, både over høgdedrag, flatar og skråningar.[1][2] Dei vert danna i fuktig klima.
Det finst teppemyrer fleire stader på den nordlege halvkula, med veldokumenterte døme i Irland og Storbritannia. Store delar av tundraen i Russland og Nord-Amerika kvalifiserer også som teppemyr. I Noreg finst dei i kyst- og fjordstrøk frå Agder til Troms. Attverande teppemyrer blir rekna som ei sterkt truga landskapsform i Noreg.
På den sørlege halvkula er teppemyrer mindre utvikla ettersom store delar av landmassen her ligg på låge breiddergarder. Miljøtypen er likevel rapportert frå Patagonia,[3] Falklandsøyane og New Zealand. På den subantarktiske Macquarieøya finst det teppemyrer kalla «dundyner» (featherbeds) på heva landområde som kan vera opptil 5 m djupe. Dei skjelv når ein går på dei, og kan vera farlege å kryssa.[4]